Innovasjonsstad

Campus Verftet skal vere ein regional arena for innovasjon og nyskaping. Her skal både studentar og næringsliv møte eit miljø som legg til rette for innovasjon, både gjennom fysisk miljø og teoretisk kompetanse. Vi vil vere eit nav der næringslivet har eit miljø for å utvikle seg kommersielt på tvers av bedrifter, i kontakt med kunnskapsmiljø. Det er med kunnskap og innovasjon vi skal møte framtidas utfordringar.

Vi ønskjer å skape ein møteplass for studentar og næringsliv. Det er i møte mellom menneske innovasjon skjer. Vi legg til rette for ein vinn-vinn situasjon i møtet mellom akademia og næring. Våre studentar får verdifulle kontaktar innan ulik næring, tilgang på interessante oppgåver og anna type samarbeid. Næring får ein unik sjanse til å knyte til seg sårt tiltrengt framtidig arbeidskraft.

Gjennom vårt kompetansemiljø, Mohnsenteret for innovasjon og regional utvikling, kan vi kople på teoretisk kompetanse rundt innovasjon. Senteret underviser om, forskar på og legg til rette for innovasjon.

I vår prototypelab kan du få laga og testa ut modellar som kan hjelpe deg på vegen vidare med din ide. Er du student som skriv hovudoppgåve, bacheloroppgåve eller masteroppgåve, vil våre fasilitetar kunne vere til stor hjelp i arbeidet.

Kjem du frå ei bedrift som har ein ide som de ønskjer å vidareutvikle? Leig plass i våre fasilitetar, bli kopla på dei rette fagmiljøa, og få hjelp av vår kompetansemeklar til å knyte deg opp mot verkemiddelapparatet. Her ligg det mykje ressursar og ventar på å bli brukt! Vi vil vere ein møteplass der nye og etablerte bedrifter kan utvikle sine idear, skape nye produkt og arbeidsplasser.

Det er eit mål å utvikle fleire forskings- og utviklingsprosjekt (FoU-prosjekt). For å lukkast med dette er samarbeid med ulike senter, klynger og nettverk regionalt, nasjonalt og internasjonalt viktig. Vi har kontaktane og kan vere med å kople bedrifter på nasjonale og internasjonale prosjekt.

Gizem.jpg