- Ein stad der nye idear kan blomstre fram

Åpning robot.jpg

Dei nye laboratoriefasilitetane ved campus Verftet i Førde vart offisielt opna i dag. Verftet skal vere ein møteplass mellom studentar og næringsliv der nye idear og innovasjon kan blomstre fram, sa rektor Berit Rokne i sin tale.

Campus Verftet ligg på det gamle verftsområdet i Førde og er eit samarbeid mellom Høgskulen på Vestlandet og Fagskulen i Sogn og Fjordane som er eigd av Vestland fylkeskommune. Sunnfjord kommune er i tillegg med på eigarsida.

-Det er få ting som opptar meg som ordførar meir enn at Førde er ein attraktiv utdanningsby. Difor er eg svært glad for denne satsinga på campus Verftet, sa ordførar i Sunnfjord kommune Olve Grotle under opninga.

Saman med Karianne Torvanger i Vestland fylkeskommune og styreleiar for campus Verftet Geir Anton Johansen fekk ordføraren æra av å opne Campus Verftet. Men sjølve snora var det ein robot som klipte.

Grunna koronasituasjonen var talet på gjester og studentar under opninga redusert, men arrangementet kunne føljast via livestream.

Moderne labfasilitetar

Campus Verftet har topp moderne labfasilitetar innan robotikk, automasjon og elkraft, som kan brukast av både studentar og næringsliv.

- Labfasilitatane gjenspeiler den teknologiske verkelegheita vi lever i og som våre studentar skal jobbe i. Det er avgjerande at våre studentar får trening og erfaring med moderne utstyr som dei seinare møter i jobbsamanheng, sa rektor Berit Rokne i si videohelsing.

Ein stad for innovasjon

Campus Verftet skal vere ein regional arena for innovasjon og nyskaping. Det skal leggast til rette for innovasjon, både gjennom fysisk miljø og teoretisk kompetanse. Her håpar ein å kunne utvikle nye løysingar innan robotikk, automasjon, elkraft, bygg og helseteknologi.

- For oss er det viktig at studentane våre får vere i eit miljø der prosjekt, utvikling og forsking skjer saman med næringslivet, seier Rokne.

Dekan på fakultet for ingeniør og naturvitskap, Jens Kristian Fosse meinar satsinga på Verftet også kan bli eit løft for samarbeidet på tvers i HVL.

- Nye idear og innovasjon oppstår i møte mellom ulik kunnskap. Eg håpar at campus Verftet kan bli ein arena for tverrfagleg samarbeid mellom HVL sine fagmiljø innan helse og teknologi i Førde, seier han.

Viktig for rekruttering

Fosse trur styrkinga på Verftet vil gjere ingeniørutdanningane i Førde meir attraktive.

- Campus Verftet blir viktig i arbeidet med å rekruttere fleire søkjarar til ingeniørlinjene i Førde. Moderne læringsressursar i nærleiken av aktive forskingsmiljø og næringsliv er avgjerande for høg kvalitet og relevans i høgare utdanning, seier han.