Labfasilitetar
Gjennom å tilby topp moderne utstyr, i eit attraktivt miljø, ønskjer vi å trekke til oss studentar og næring. For begge brukargrupper vil det at vi tilbyr det beste innan utstyr, vere viktig for å henge med i den faglege utviklinga. Det å ha oppdatert utstyr er ei utfordring for mange mindre bedrifter, då er det bra å kunne dele på det ustyret vi har.
Høgskulen og Fagskulen har behov for utvikling og etablering av lab-funksjonar innan mange område. Vi har ein svært avansert robot-lab, ein elkraft-lab og høgspent-lab. Produksjons- og prototype-lab er og på plass. Etter kvart vil vi bygge nye lab-fasilitetar slik at vi totalt sett vil kunne tilby:
Robot-lab.
Dataassistert produksjons- og produktlab.
Automatiserings- og tilvirkningslab.
Industri 4-0 – produksjonslinje.
KEM- og VVA-lab.
Regulering- og styrings-lab.
Prototype- og mekke-lab.
Massivtre-lab.
Materialprøving.