Om Campus Verftet

Campus Verftet er eit samarbeid mellom Høgskulen på Vestlandet, Fagskulen i Sogn og Fjordane (Vestland Fylkeskommune) og fleire aktørar i næringslivet lokalt. Saman har vi bygd opp eit felleslokale med laboratorium som kan brukast både av næringslivet og av studentar, med rom for å skape nye løysingar innan robotikk, automasjon, elkraft, bygg og helseteknologi.

Dette samarbeidet skapar ein unik kontakt mellom akademia og arbeidsliv, og gir begge partar gode høve til nyskaping med laboratorium dei elles ikkje ville greidd å finansiere aleine.

 

Vi har tru på at Campus Verftet vil skape ein ny giv for heile regionen når det gjeld teknologisk innovasjon.

Måla til Campus Verftet er:

  • å skape eit meir attraktivt utdanningsmiljø for skuleelevar og studentar

  • støtte utvikling, verdiskaping og arbeidsplassar der bedriftene er lokalisert i regionen.

  • Samarbeide om relevant teknologiutdanning og FoU.

  • tilby eit tilbod for heile fylket.